

Thea song mellom anna Lille Petter edderkopp og Blomster små.
Emma song eit par sjølvlaga songar og Bæ bæ lille lam.
Som på alle konsertar er det stort presseframmøte. Her er Emma fotograf medan Thea syng.
Her filmar ei konsentrert mor medan Emma syng. Flinke jenter!
Eg var ute med kameraet på runde. Her er det ei fin novemberrose som står og solar seg.
Eit litt ramponert spindelvev, men fint i solskinet likevel.
Store fine jenta vår!
Fine mannen min. Gratulerer med farsdagen!
Thea og pappa jobbar og ber inn ved. No har vi nok ved for heile vinteren :-)
Alle ungane klatra seg opp på mørkeloftet for å hente klede og leiker som dei ville gi bort.
Vi pakka inn 8 gåver, der alle hadde bukse, genser, t-skjorte og ein eller to bamsar. Godt å få gitt vekk både klede og leiker. Vi har i alle fall nok!

Det var både stas og spennande med ein hummer på kjøkengolvet. Her tør alle ungane å klappe på den.
Hummeren skal kokast, og leggast nedi kokande vatn med hovudet først. Den kjempa faktisk bra imot, så Kenneth måtte ta i for å halde den stille nedi vatnet.
Her er ei som kosar seg når ho får sjømat! Hummer til kvelds var midt i blinken, synest Thea!
Emma var så heldig at ho fekk lov å halde Astrid. Stor stas!
Sjå for ei nydeleg jente!
Og ei like nydeleg storesøster!
Thea fekk og halde Astrid. Ganske stolt og stor Thea.
Her er dressen på sin rette eigar. Den passa veldig godt, og det var eg glad for :-) No håper vi berre far Erling og liker den, og at den ikkje skremmer kyrne...
Her har dei funne ei stor grønkrabbe ved flytebrygga.
Thea held den store krabba i handa.
Og her er det Emma som viser fram ei stor krabbe.
Emma øver seg på å sykle utan støttehjul. Pappa har laga seg eit system med å halde ho når ho syklar. Han har stripsa fast ein stokk, slik at han kan springe ved sidan av når Emma syklar.
Thea er og ivrig syklist. Her slit ho litt med å kome i gong, for Kasper held fast eine hjulet hennar. Han vil og vere med å sykle. Ho kom seg laus til slutt...
... og då vart denne guten sitjande att ;-) Det gjekk fort over, heldigvis!