På badestranda


I dag tok vi turen på Ulla og på ei av strendene der. Vi var der saman med Siv, Emilie, Synne, Hedda og Malin, og hadde det kjempefint! Ungane sprang uti vatnet før vi rakk å snu oss rundt. Kasper sprang og rett uti! Vi får nok å henge fingrane i i sommer! Han kosa seg i alle fall i vatnet, og eg merka nesten ikkje at han var der så lenge han fekk sete i vasskanten og leike seg.

Vi hadde pakka med oss mykje mat og kald drikke, men etter ein times tid var ungane klare for å fare heim. Eg og Siv ville gjerne vere litt lenger, så då fekk vi lokka ungane til å bade litt meir ;-) Eg og bada! I fjor sommar fekk ikkje eg bade pga amming, så i år skal eg bade MYKJE! Var litt kaldt til å begynne med, men ikkje verre enn at det gjekk godt an å vere uti ei stund og leike med ungane.

5 kommentarer:

Siv sa...

Du va no heilt RÅ Solveig!! Ej ha no fått hjertestans, det e heilt sikkert! Trivest best på land ej;) Men nåkken måtte no passe ungane mæ da, hihi

Alice sa...

Dåkke e galne. Hekje bada i Norge sia ej va lita trur ej!Men kjekt å rusle i vannkanten!

Stine sa...

Modig du Solveig. Trur eg skal klare å komme meg uti i år dersom ditta fine været held seg. Og takk for at Malin fekk bli med dåkke. Ho storkosa seg.

Ravnestad sa...

Phu! Imponerende Solveig! Jeg har heller ikke bada i Norge (som Alice sier) siden en av de første sommerne jeg bodde her ute! Brrrr!! Trenger en måned med 20+ før jeg orker å tenke på å bade! Men klart at det er kjekt for ungene. Jeg kjørte Jakob bort til Gunnabuda for å bade i dag men da han så at det var jenter der så skulle han ikke bade likevel... Sukk! Er ikke det litt tidlig å bry seg med at jentene ser på når han bader!?

Nina sa...

Ka gøy! Ej e i dinna ammeperiodå no i sommer, men håper å få bada litt i sjøen på sørlandet i år likavel! ;) Forhåpentligvis nokre grader meir i vatnet der nede enn her uti havgapet i kalde nordvest!