Jonsokfeiring

I år fann vi ut at vi ville feire jonsok i Råvika. Vi tok med eit traktorhengarlass med rusk og rask, og køyrde utover. Familien Otterlei fylte og eit hengarlass med rusk, så vi fekk laga eit stort bål. Hege og ungane kom utover, og det gjorde farmor og farfar og. Vi hadde det kjempekjekt. Og ungane leika og leita etter krabber og fløskjel heile kvelden. Vi kom utover i sju-tida, og før vi visste ordet av det så var klokka halv ti. Litt bilder frå kvelden under...


Vi hadde med oss pølser, karbonader, potetgull, sjokolade, brus, kjeks og anna snacks. Men ungane hadde nesten ikkje tid til å ete, for dei var så opptatt av å krype rundt i fjøresteinane på jakt etter krabber. Dei tre minste var mest opptatt av å sjekke ut underlaget. Dei både testa smaken, korleis det var å ha sand i auga og korleis dei kunne få mest mogleg sand i kleda sine...


Då vi kom heim var det heilt nødvendig å bade og vaske håret, slik at ungane fekk skylt vekk litt strandsand. Kasper hadde gløymt att hua si, så han måtte låne hue med Hedda... Gjekk greit for han, men det var litt vanskeleg å svelge for mor-Solveig at han hadde rosa hue!

Vi hadde ei flott jonsokfeiring, så dette vil vi gjere neste år og!

7 kommentarer:

Siv sa...

Det var ei kjekk jonsokfeiring, ja:) Bli enda betre neste år, når dei minste kan delta litt meir i leiken;) Masse fine bilder her da, og Kasper kledde faktisk veldig godt rosa! Han fekk so innmari blå auge av det same:)

Familien Thorsen Torvik sa...

Så kjekt dere har hatt det!
Neste gang jonsok ligger til en helg, så kan vi kanskje feire sammen?

Ulla sa...

Ja, det ha vør kjekt, Siril! :)

Nina sa...

Åh, her såg ej kjempelikheit mellom ho Emma og han Kasper da! :)
Rosa hue e no ikkje d værste. ;)
Kjempekoseleg dag såg d ut som!

Stine sa...

Mange flotte bilder her. Såg ut som ei super feiring. Vi kosa oss på sjøbuda, også dro vi bort til bålet som Lise og Per Jarle m/fam hadde stelt i stand etterpå. Kom heim i 9-tida ca. Og for ett flott vær vi hadde også da!

Hege sa...

Ha,ha,ha!! Må le av bildet av Sondre og Hedda, det ser så idyllisk ut!! Vi som var der vet at det ikke var fullt så rosenrødt når rabagasten fra Longva grabbet tak i stakkars Hedda! Men, men... Og så var det helt konge det bildet av Thea med krabben! Fytti rakker'n de er ikke mye skvetten disse ungene! Synne fikk vel smake kloa til den største krabben men det var ingen tårer bare latter! Helt fantastisk! Veldig kjekk kveld! Vi vil gjerne være med neste år også! hadde vært flott med en Råvik-tradisjon Jonsokaften!!

Siv sa...

No må det no seiast, at den lille frøkena fra Austnes tåle fryktelig lite da... Men såg fryktelig idyllisk ut akkurat der ja:)