Båttur i fineveret

I dag skulle Emma og Synne i selskap, så då måtte vi som vart att heime finne på noko anna kjekt. Då vart Emilie med oss og morfarfar på sjøen. Vi prøvde fiskelykka, men einaste vi fekk var ein liten småsei. Den kasta vi ut igjen sidan det vart med den eine. Vi var utpå i ca ein halv time før vi måtte inn igjen for å hente selskapsungane våre :-)

Thea syntes det var kjekt å kome seg på sjøen, men litt dumt at det ikkje vart fisk til middag...

Thea har forresten blitt skikkelig storejente. Ho har i heile vår sagt at ho skal slutte med bleie når det blir sommar. På fredag var siste barnehagedag før ferien (sett vekk frå nokre dagar då dei skal vere der no til veka), så då ho var ferdig der etter sommarfesten, så slutta ho med bleie. Det har gått veldig bra til no, og det er vi glade for! Godt å ha berre ein bleieunge i huset!

Mamma og Kasper kosa seg på sjøen. Kasper syntes det var litt travelt med den store og tjukke redningsvesten. Rart det ikkje skal gå an å lage litt meir barnevennlege redningsvestar? Denne sorten går i alle fall ikkje an å bevege seg i for ein liten kropp.

Dårlig med fisk her...

Fin og stor gut på sin aller første båt- og fisketur (sett vekk i frå ein snartur fram og tilbake på Grisholmen i fjor)!

Emilie var den flinkaste fiskaren i dag, då ho fekk den einaste fisken for dagen.

Blir nok ikkje siste båtturen for desse to karane!

Størstejenta!

Farfar og Thea prøvde og fiskelykka.

5 kommentarer:

Nina sa...

Ja, ditta med redningsvesta til unga he ej mæ irritert mej litt over...dei laga no sånne tynne til vaksne, so en skulle tru d gjekk an å lage det til unga mæ, so ikkje veg so mykje som en vaksen. Men kjekt på sjøen da!! D lika oss godt her i gården mæ. :)

Alice sa...

So herleg å vere på sjøen no. Alt for varmt på land! Snalt og fint sikkert! Skitt fiske neste gong;)

Alice igjen.. sa...

snalt= svalt...

Hege sa...

Sikkert deilig med en båttur i finværet ja!! Vi kosa oss i hagen i hele går, kun avbrutt av en tur ned ved Gunnabuda slik at ungene kunne bade. Der synes jeg ikke det var så kjekt å være for der var det mange unger uten voksne med seg som drev og badet. Det synes jeg er UANSVARLIG! Jeg kjente litt på ansvaret mitt som eneste voksen om noe skulle skje. Så jeg stresset ungene litt og dro fort hjem igjen! De mange badeulykkene rundt om i landet i helga beviser vel bare det at man ikke skal tro at alt går fint. Uff, ble litt rystet! Og i dette tilfellet føler jeg ikke at jeg er hysterisk heller! Flere unger sammen gjør at de er litt "bajaser" også og da kan det fort skje ulykker.

Familien Thorsen Torvik sa...

Flott tur! Helt enig i at disse vestene er ekkle for små unger å ha på seg....PYTON!
Kjekt at du husket at Grisholmturen var Kasper sin første båttur;)